SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Utleige

Grunna situasjonen knytt til covid-19 er det ikkje utleige av selskapslokaler eller leige av Borgundknarren for det resterande av året 2020.

 

For året 2021:
...med atterhald om restriksjonar knytt til covid-19!

 

Gjer stas på gjestane dine. Vikingkamp og bogeskyting? Lefsekurs eller kulturløype? Vi skreddarsyr aktivitetar tilpassa dine gjester og dine ønskje. Nyt ein lunsj eller middag i Båthallen, feire barnedåp eller 50-årsdagen i Ytterlandsstova. Markeringar av ulikt slag for bedrifta sine tilsette eller kundar? Då er museumskafeen ein ypparleg stad å vere

I vår- og sommarmånadane tek du med deg gjestane dine på ein lunsj- eller kveldstur med vikingskipet Borgundknarren, og får samtidig oppleve vakre Ålesund frå sjøsida. Gjere noko saman før julestria tek til? Kva med å tilby dei tilsette eit lefsekurs på museet? Ein "matnyttig" aktivitet på alle måtar. Dette og mykje anna kan du og dine gjester oppleve på Sunnmøre Museum. Kontakt oss - så finn vi på noko spennande saman!

 

Har du lyst på ein rotur? 
I tida juni - september tek du med deg venner eller familie og utforskar fjord og øyar i nærområdet. Hos oss kan du leige robåt og vestar. Vi har to båtar, Leia og Linge, til utleige. NOK 200 for turen, berre du er tilbake klokka 15:45.  Henvend deg i resepsjonen for informasjon og leige.