SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND
Ny utstilling!
I januar 2021 startar arbeidet med å lage ny basisutstilling om Sunnmøre - med opning i 2022. Den nye utstillinga skal sjå Sunnmøre med nye auge. "Vi ønsker å engasjere, og ta opp saker som er aktuelle. Det blir særleg viktig å få inn dei unge stemmene" seier prosjektleiar Cecilie Rørstad.
Alle gjenstandar i dei gamle utstillingane må digitaliserast og magasinerast. Det er ikkje bestemt kva gjenstandar som skal vere med i den nye utstillinga, men alle blir å sjå i digitaltmuseum.no. "Ei ny utstilling gir oss moglegheit for å vise fram noko av det otte og spennande vi har i samlingane våre. Det er krevjande å vise skjøre tekstilar og verdifulle uerstattelege gjenstandar. Ei ny utstilling vil ha sikringsforhold som gjer dette mogeleg" seier tekstilkonservator Line Iversen.