SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Anders Hovden-rommet

Anders Hovden var ein kjend forfattar og prest, fødd i Ørsta i 1860. Han var ein ivrig talsmann for målsaka og det frilynde ungdomsarbeidet.

 

Anders Hovden var ein kjend forfattar og prest, fødd i Ørsta i 1860. Han var ein ivrig talsmann for målsaka og det frilynde ungdomsarbeidet. Møblane i rommet er frå heimen hans. Dei er laga av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik. Kinsarvik utarbeidde ein særeigen «nasjonal» stil på grunnlag av gammal nordisk ornamentikk, figurar frå norsk folkedikting og folketru og sagalitteraturen.