SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Viggotragedien

Laurdag 21. februar 1942: Skipper Ole Dyrøy på motorkutteren Viggo låg ved Roaldbua i Einevika på Gåseid. Han venta på flyktningar som skulle førast ut til Hustruhamna på Valderøya. Herifrå skulle dei fraktast vidare til Godøya og vente på frakt vidare til Shetland, truleg med M/K Heland. Møtetidspunktet var avtalt til kl. 03.00, natt til søndag.

 

Laurdag 21. februar 1942
Skipper Ole Dyrøy på motorkutteren Viggo låg ved Roaldbua i Einevika på Gåseid. Han venta på flyktningar som skulle førast ut til Hustruhamna på Valderøya. Herifrå skulle dei fraktast vidare til Godøya og vente på frakt vidare til Shetland, truleg med M/K Heland. Møtetidspunktet var avtalt til kl. 03.00, natt til søndag.

Bakgrunnen
Det var Walle-gruppa i Ålesund som organiserte flukta. Leiaren for gruppa var politimannen Thoralf Walle. Men Walle-gruppa var infiltrert av to personar frå Rinnan-banden - Sonderabteilung Lola - som Henry Rinnan var leiar for. Denne gruppa var ein del av etterretningsnettverket til tyske Gestapo. Rinnan hadde i oppdrag å rulle opp den største flyktningorganisasjonen på Vestlandet. Infiltrasjonsframstøyten førte Rinnan og hans hjelparar til Ålesund. Det var til saman 29 flyktningar som skulle om bord i Viggo. De fleste var frå Oslo-området, men det var også fleire frå Ålesund og Sunnmøre. Desse låg i dekning i Ålesund og venta på båt. To av desse var Bjarne Jenshus og Ingvar Ålberg frå Trondheim, som var Rinnan sine menn.

Flukta
Gestapo kjende til datoen for flukta, 21. februar, men ikkje fluktruta, og låg i beredskap. Straks englandsfararane rørte på seg, skulle dei skyggast med bil og alle styrker skulle varslast pr. telefon. Slik rekna dei med å sirkle inn båten. Når alle var om bord, skulle dei slå til. Tilfellet gjorde at Gestapo mislukkast. Bilen punkterte og køyrde i grøfta, og styrkene vart ikkje varsla tidsnok p.g.a. låste telefonkioskar. Englandsfararane vart forseinka av kontrollar i Nørvasundet og på Gåseid, men kom seg om bord i Viggo. I ly av nattmørkret gjekk Viggo ut fjorden, tvers over skipsleia og inn Gjøsundet mellom Valderøy og Vigra. Her gjekk båten på grunn. Det tok tid å kome seg av grunna. Båten vart no så forseinka at det var uråd å nå fram til møteplassen i Hustruhamna til avtalt tid. Viggo måtte gjere vendereis, og gjekk tilbake til Ellingsøyfjorden. Dei var tilbake ved Roaldbua i grålysninga. To personer gjekk i land for å skaffe mat og gjere nye avtalar. For å kome betre i skjul, ankra båten opp i «Dødmannsvika» søraust for Lerstadholmen. Fire vart sette i land der. Blant desse var Jenshus og Ålberg, som dermed fekk varsla Rinnan.

Arrestasjonane
Om morgonen 23. februar opna Gestapo maskingeværeld mot Viggo, og båten vart omringa av tyske patruljebåtar. Rinnan og Hauptsturmführer Holach gjekk om bord i Viggo. Ankertauet vart kappa og båten vart slepa til Ålesund der dei som var om bord vart førte i land. Walle-gruppa vart samtidig sprengt. I rådhuset vart englandsfararane stilt opp saman med kameratane frå land. I alt 52 personar vart arresterte i denne aksjonen.

Ankeret
Då Viggo vart teken i arrest og ført til Ålesund, vart ankertauet kutta. I 1996 drog Paul Ørskog opp et anker med garna sine ved Lerstadholmen. Norris Stenseth, som kjende båten godt, har stadfest at dette er ankeret til Viggo. Ankeret blei gitt til Sunnmøre Museum i 2007.

Englandsfarten
Englandsfarten hadde sitt utgangspunkt fleire stader langs Vestlandskysten. Alt medan krigshandlingane i Noreg framleis var i gang, la dei første båtane av garde. Om bord var ofte unge menn som hadde tatt del i kampane, og som ville fortsette kampen mot tyskarane saman med dei allierte. Etter kvart som det vart klart at okkupasjonen kom til å vare, var det mange som drog ut for å vere med på å byggje opp militære avdelingar i Storbritannia. Det var ofte såkalla eksportgrupper som organiserte overfarten. På grunn av at fleire av desse blei avslørt av tyskarane, tok denne trafikken slutt i 1942. Frå då av tok Shetlandsbussene, nye, raske ubåtjagarar, over som flukt- og kommunikasjonsmiddel mellom det okkuperte Noreg og dei britiske øyane. Med om lag 300 fartøy, fra robåtar til fiskeskøyter, klarte meir enn 3000 personer å komme seg unna okkupasjonsmakta. Men ikkje alle nådde fram. Både uvêr og åtak frå tyske skip og fly kravde sine offer: 16 båtar totalforliste. 137 personer omkom.

M/K Heland og krigen
Fra november 1941 til slutten av februar 1942, gjekk M/K Heland fleire turar med flyktningar frå Sunnmøre til Shetland. Fra 1942 gjekk Heland inn i Shetlandsgjengen sin flåte av fiskefartøy som opererte på norskekysten. Båten gjekk med våpen og ammunisjonslast, eller frakta Linge-folk og andre motstandsfolk fram og tilbake over Nordsjøen. I 1943 vart Heland og dei andre båtane avløyste av moderne ubåtjagarar bygde i Nord-Amerika - Hessa, Hitra og Vigra.

Viggo
Fiskekutteren Viggo vart bygd i Bjørkedalen i 1916 for folk frå Sande kommune. Båten fekk registreringsnummeret M 85 S. Viggo var 40 fot lang, 13 fot brei, og hadde ein motor på 14 hk. Viggo hadde fleire eigarar. Ole og Johan Dyrøy kjøpte båten i 1938. Då fekk båten nytt registreringsnummer M 47 B. 

 

Følgjande personer var om bord då Viggo vart teken. Dei vart skotne av Gestapo på Trandum 30. april 1942:
Ole Dyrøy, skipper, Borgund, Ålesund
Ole Kjeldsberg, Ålesund
Bjarne Olsen, Ålesund
Harald Dølerud, Oslo
Kåre Angel Elgenes, Bolsøy
Per Fillinger, Oslo
Jacob Friis, Oslo
Andreas Gjertsen, Oslo
Leonard Godager, Oslo
Arne Grønn-Disch, Tønsberg
Alfred Larsen, Oslo
Ole Lützow-Holm, Oslo
Einar Mjølhus, Stavanger
Leif Bye Nielsen
Jesper Kjell Næss, Nes i Ådal
Birger Osland, Vermedal
Magnus Tuntland, Hjelmeland
Peter Young, Oslo
Lars Dannevig, Oslo, vart slått i hel under avhøyr på Misjonshotellet i Trondheim.

Disse vart fengsla:
Thora Borch-Nilsen, Oslo. Sett fri frå Grini etter fire månader
Ruth Møller Hansen, Ålesund. Sett fri frå Falstad i mars
Sigurd Evensmo, Oslo. Sett fri ved juleamnestiet i 1943
Gustav Adolf Johnsson. Sett fri på Trandum p.g.a. svensk statsborgarskap. Døydde seinare på Grini.