Ytste Skotet, Fjord

 

Grunna usikkerheit knytt til covit-19 og framtidige restriksjonar, er det i samråd med Storfjordens Venner vedtatt at Ytste Skotet vert stengt for publikum i 2020.

MEN i vekene 31, 32 og 33 kan du vere med på slåttedugnad! Les meir og meld deg på!

 

Ytste Skotet er ein fjellgard i Storfjorden med bygningar frå midten av 1800 – talet og historie tilbake til vikingtida. Eigar av garden, Storfjordens Venner, har restaurert husa. Musea på Sunnmøre står for formidling og skjøtsel av dei verdifulle slåttemarkane med stønad frå Miljødepartementet.